Velkomen til Radøy damekor sin nettstad!

Radøy damekor er eit ungt kor frå Radøy kommune i Nordhordland. Vi feirar vårt 10-årsjubileum i 2010 mellom anna ved å gje ut vår første CD-plate!

Koret vart starta i 2000 av Odd Leif Mjøs, den gongen som eit blandakor med namnet "Radøykoret". Sigrid Jordal var òg dirigent i ein periode, før William Kay kom til Radøy i februar 2002. Han har vore koret sin faste dirigent og musikalsk leiar dei siste 8 åra. Hausten 2011 har han permisjon frå dirigentjobben, og Jurate Norkuviene er då dirigenten vår.

Repertoaret vårt er like variert som kormedlemane sjølve! Vår årlege julenattiné i Manger kyrkje er vorte tradisjon. Vi har òg hatt samarbeidsprosjekt med Geirr Lystrup og Hjelmås mannskor, og har vore med på radiogudsteneste i NRK P1.

Klikk her for å høyra nokre smakebitar frå den nye CDen vår! Den kan du òg tinga her på nettet.

Håpar vi sjåast snart! Her kan du sjekke vår kalendar...